首页    期刊浏览 2025年05月23日 星期五
登录注册

文章基本信息

  • 标题:Har samlebandsideologien sigra over kreativitet og mogelegheitene for innovasjon i høgare utdanning?
  • 本地全文:下载
  • 作者:Odd Rune Stalheim
  • 期刊名称:Uniped
  • 电子版ISSN:1893-8981
  • 出版年度:2022
  • 卷号:45
  • 期号:1
  • 页码:64-74
  • DOI:10.18261/uniped.45.1.7
  • 语种:Danish
  • 出版社:Universitetsforlaget
  • 摘要:Vi ser eit auka fokus på innovasjon i høgare utdanning for å møta utfordringar i framtida. Det er ei målsetjing med utdanninga å utrusta studentane med eigna kunnskapar og dugleikar, slik at dei kan bidra til fellesskapet og arbeidsmarknaden med nytenking og kreativitet. Kvalifikasjonsrammeverket har som målsetjing å klargjera og fanga opp utbyte til studentane og legg samstundes føringar på kva innhaldet i utdanninga bør legga vekt på. Spørsmålet er om rammeverket bidreg til innovasjon og nytenking, eller om ein samlebandsideologi og standardiserte læringsutbyteskildringar har ført til ei instrumentell tilnærming til kunnskap som stikk kjeppar i hjula for kreativitet og mogelegheitene for innovasjon. Gjennom ei konseptuell tilnærming diskuterer artikkelen mogelegheiter og utfordringar for innovasjon i rammeverket med utgangspunkt i ulike syn på og oppfatningar av læringsutbyte og tileigning av kunnskap. Artikkelen viser at innovativ læring og innovasjonsprosessar er utfordrande å målsetja og vurdera og inneber læring som ikkje alltid kan fastsetjast på førehand eller stykkast opp i standardiserte skildringar av kunnskap. Det ser dermed ut til at ei instrumentell og policystyrt tilnærming til utforming av læringsutbyte står i fare for å fremja strategisk og instrumentell etterleving i staden for kritisk, analytisk tenking, som er kjenneteikn på eigenskapar for innovasjon, noko som kan gjera det utfordrande å sigra over samlebandsideologien.
国家哲学社会科学文献中心版权所有