首页    期刊浏览 2024年11月26日 星期二
登录注册

文章基本信息

  • 标题:Vilkår for læring og bruk av andrespråk i akademia: Internasjonalt tilsette sine erfaringar med språk på norske universitet og høgskular i lys av rådande språkpolitikk
  • 本地全文:下载
  • 作者:Ann-Kristin Helland Gujord ; Else Berit Molde ; Anna-Marie Kjøde Olsen
  • 期刊名称:Bergen Language and Linguistics Studies
  • 印刷版ISSN:1892-2449
  • 出版年度:2022
  • 卷号:12
  • 期号:1
  • 页码:113-140
  • DOI:10.15845/bells.v12i1.3539
  • 语种:English
  • 出版社:The University of Bergen
  • 摘要:Denne artikkelen presenterer ein studie som utforskar kva for plass og vilkår det norske språket har blant internasjonalt tilsette i norsk akademia. Studien inn­går i forskingsprosjektet NINjA – Norsk i akademia og byggjer på resultata av ei spørjeundersøking blant internasjonalt tilsette på 12 norske universitet og høg­skular og intervju med 55 av deltakarane i undersøkinga. Eit viktig utgangs­punkt for analysen er den gjeldande nasjonale språkpolitikken som blir ført over­for universitets- og høgskulesektoren. Det blir funne at internasjonali­seringa som har prega utviklinga i sektoren dei siste tiåra, er i konkurranse med mål­setjingane for språkpolitikken om norsk som samfunnsberande språk på alle domene. Midt mellom desse to agendaene står dei internasjonalt tilsette. Vil­kåra deira for å læra norsk er ikkje gode nok til å sikra at denne tilsettgruppa opp­når det ferdigheitsnivået i norsk som arbeidsoppgåvene krev. Artikkelen kon­kluderer med at denne situasjonen vil kunna ha negative følgjer for inter­nasjonalt tilsette, men truleg også for det norske språket, dersom dei akade­miske institusjonane og dei som utformar språkpolitikken i sektoren, ikkje i større grad legg forholda til rette for at internasjonalt tilsette får utvikla det norske andrespråket sitt.
国家哲学社会科学文献中心版权所有