摘要:Norske NPN-konstruksjonar med preposisjonane etter, for og på, som til dømes år etter år, skritt for skritt og lag på lag, oppviser klar produktivitet og har mykje til felles seg imellom. Alle tre kan brukast både i modifiserande (oftast adverbiale) og nominale funksjonar, og det er ikkje innlysande kva som er betydningsskilnaden mellom desse uttrykksmåtane. Her vert det gjennomført ein korpusstudie der det vert utarbeidd syntaktiske og leksikalske profilar for konstruksjonane N etter N, N for N og N på N. Dei syntaktiske profilane byggjer på enkel deskriptiv statistikk over kor ofte konstruksjonane opptrer i ulike syntaktiske funksjonar, og kor ofte dei er kombinerte med pseudopartitiv konstruksjon, til dømes som i år etter år med krig. Dei leksikalske profilane byggjer på ein kollostruksjonsanalyse som får fram kva substantiv som er kjenneteiknande for kvar konstruksjon. På grunnlag av desse profilane blir det gjort greie for både likskapar og skilnader mellom dei tre konstruksjonane.