摘要:«Norge har hatt en kulturpolitikk helt siden 1814, da den dansk-norske helstaten sprakk.» Slik konkluderer Hans Fredrik Dahl og Tore Helseth i si bok om den norske kulturpolitikkens historie 1814–2014 (Dahl og Helseth 2006:265). Dei påviser ein kontinuitet frå første tiår etter 1814 og heilt fram til i dag. «Kontinuitet i område, i struktur, i motiver – uansett hvilket perspektiv man ser kulturpolitikken i.» Boka til Sture Kvarv handlar om ulike perspektiv på norsk kulturpolitikk dei siste hundre åra. Forfattaren karakteriser sjølv boka som «en idéhistorisk utgivelse.» Han vil leggje vekt på «å forfølge den hypotesen at ideologier har vært og fortsatt er «en virksom kraft» i norsk kulturpolitikk.» Boka har tre innleiande kapittel om kultur-, politikk- og ideologiomgrepa, så to kapittel som ser på kulturpolitikken «i lengdesnitt» før og etter 1970, og deretter sju kapittel som tek føre seg ulike kulturpolitiske område, hovudsakleg i tida etter 1970. Det mest interessante av desse kapitla er det som tek føre seg dei store endringane i mediepolitikken i første del av1980-talet. Elles tek Kvarv føre seg frivillige organisasjonar og idrett/samfunnshus, kunstnarar og kunstpolitikk, bibliotekpolitikk, spørsmålet om ei allmenn kulturlov, nokre økonomiske sider ved kulturlivet og eit oversyn over kulturpolitikken i Sverige og Danmark. Boka har òg eit avslutningskapittel, utan oppsummeringar eller konklusjonar.