摘要:Kvinnenamnet Isaline var ein del brukt i dei nordlege kystbygdene i Fjordane særleg på 1800-talet. På grunnlag av folketeljingar, kyrkjebøker og bygdebøker vert opphavet til namnet undersøkt. Det er tale om eit movert namn med utgangspunkt i Isak, altså eit lokalt alternativ til Isakine. At namnet er avleidd av Isak, går fram av klare tilfelle av oppkalling etter nære slektningar som far og bestefar. Namnet fekk aldri noka stor utbreiing, men det finst nokre få berarar framleis.