摘要:Fleire har sett tjukk l, tjukk n og palatalisert og segmentert ll og nn i samanheng. Forfattaren peikar på korleis desse innovasjonane fordeler seg i Norden, på at dei høyrer til ei kvalitetskløyving av det gamle kvantitetssystemet, og på at kvalitetskløyvinga av vokalar og konsonantar er parallell. Sentral-Norden har særleg markert dei korte lydane, med retroflektering e.l., og randsonane særleg dei lange, med motsett tungestilling. Derfor forklarer forfattaren tjukk l som ei retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet, oppstått innanfor det gamle kvantitetssystemet, truleg på 13â1400-talet, i Sentral-Norden fordi retroflektering er ein sentralnordisk innovasjon. â Tjukk l av rð er retrofleksassimilering av rð, på linje med /Ãâ / og /ÃË / av rd og rt. På eit vis er da tjukk l av rð og tjukk l av l uavhengige, men dei er utslag av den same sentralskandinaviske retroflekteringstendensen. Artikkelen bygger på litteratur om språkhistorie, tjukk l og nordiske målføre og på lydlovsresonnement.