摘要:Denne boka om mannen, forskaren, debattanten og målreisaren Sigurd Kolsrud(1888â1957) er den fjerde i rekkja av forskarbiografiar om språkgranskarar og nynorskemålreisarar frå Kjell Venås si hand. Venås har tidlegare skrive om liva og verka til IvarAasen (1996), Marius Hægstad (1992) og Gustav Indrebø (1984). Sigurd Kolsrud var,som Marius Hægstad, professor i nordisk målvitskap ved Universitetet i Oslo. Kolsrudhadde dette embetet i heile 35 år, frå 1923 til han døydde 69 år gamal i 1957. Biografen,Kjell Venås, har sjølv hatt denne stillinga i lang tid (1972â1997).