摘要:Kor går eigentleg dei faglege grensene til Edda? Altså kva forskingsemne, fagtradisjonar og vitskaplege metodar fell innanfor domenet til Edda, og kva fell utanfor? Dei fleste artiklane vi får inn, ligg så openbert innanfor at vi knapt nok treng å stille spørsmålet. Men innimellom kjem det bidrag som – uavhengig av kvalitet – er uaktuelle å publisere fordi dei høyrer heime ein annan stad. Og nokre gonger les vi manuskript som tvingar fram prinsipielle diskusjonar om kor grensa går for den faglege profilen til Edda. Slike diskusjonar kan til dømes dreie seg om kva som er litteraturhistorie, og kva som beint fram er historie. Ei anna problemstilling kan vere kva som er nordisk, og kor strengt den nordiske profilen skal røktast, eller kor grensa går mellom det litterære feltet og andre kunstformer eller medium. Og i kva grad høyrer litteraturdidaktikken heime i litteraturvitskapen?.