摘要:Boka Litterære kretsløp er resultat av eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo, «Norsk edisjonshistorie 1800–2000». Ståle Dingstad var leiar og Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy var stipendiat. Opphavleg var planen ei norsk edisjonshistorie, men undervegs såg forfattarane at emnet blei større enn dei hadde tenkt, – derfor den modererande undertittelen «Bidrag til en norsk bokhistorie …». Boka inneheld omtalar av ei rekke forfattarskapar som her blir stilte i bokhistorisk og tekstkritisk lys. Den består av to delar med kvar si innleiing. Dingstad tar seg av 1800-talet med Maurits Hansen, Asbjørnsen og Moe, Camilla Collett, Bjørnson, Ibsen, Garborg, Skram og Hamsun. Bjørkøy ser på 1900-talet, nærmare bestemt Olav Duun, Cora Sandel, Aksel Sandemose, Tarjei Vesaas, Torbjørn Egner og Gunvor Hofmo. Kvifor dei slår ned på akkurat desse forfattarane, er ikkje godt å vita – anna enn at dei gir gode eksempel på spørsmål som boka tar opp.