摘要:Forsking og forskingsformidling er ei einsam verksemd i litteraturvitskapen – i alle fall om ein samanliknar med dei fleste andre fagfelt. Det kan verke som om den romantiske geniestetikken har smitta over frå det litterære feltet til dei som utforskar det. Medan artiklar i til dømes medisin og naturvitskap helst kjem med dusinet fullt av forfattarnamn, synest mottoet blant litteraturvitarar å vere «ein tekst, ein forfattar». Ein rask kikk på innhaldslistene i Edda stadfestar inntrykket. I redaktørtida vår så langt har vi, med to unntak, publisert artiklar av eineforfattarar. Blant alle dei manusa som ikkje vart publiserte, er det endå lengre mellom unntaka.