首页    期刊浏览 2024年12月05日 星期四
登录注册

文章基本信息

  • 标题:Frå redaksjonen
  • 本地全文:下载
  • 作者:John Brumo ; Anders Skare Malvik ; Lars August Fodstad
  • 期刊名称:Edda
  • 印刷版ISSN:0013-0818
  • 电子版ISSN:1500-1989
  • 出版年度:2018
  • 卷号:105
  • 期号:04
  • 页码:271-272
  • DOI:10.18261/issn.1500-1989-2018-04-01
  • 出版社:Scandinavian University Press
  • 摘要:Kva er ein Edda-artikkel? Dette er eit grunnleggjande arbeidsspørsmål for oss i redaksjonen. Somme tider diskuterer vi det heilt eksplisitt, som når eit innsend manus ligg i grenseland for kva som kan kallast nordisk litteraturvitskap, men vi likevel gjerne skulle sett teksten på trykk. Andre gonger ligg spørsmålet under overflata i diskusjonar om kvaliteten på innsende arbeid. Hadde vi kunna svara enkelt på dette spørsmålet, hadde vi hatt ein sorterings-algoritme som ville letta arbeidet, men som neppe ville styrka kvaliteten i dei redaksjonelle prosessane. Svaret på kva ein Edda-artikkel er, må formast kvar gong i den relasjonelle dynamikken mellom forfattarane, redaksjonen og fagfellane. Systemet med blind fagfellevurdering fritek ikkje redaksjonen frå sitt ansvar for kritisk vurdering. Fagfelleordninga møter frå tid til anna kritikk, og fleire tar til orde for ei «av-anonymisering» av ordninga. Sist ute var Mieke Bal, med kommentaren «Let’s Abolish the Peer-Review System» i tidsskriftet Media Theory. Bal meiner at fagfelleordninga i verste fall kan sjåast på som ein konsekvens av «neo-liberaliseringa» av universitetssystemet, der regelstyring i aukande grad trumfar fagleg skjønn. Ho åtvarar mot ei ordning der tidspressa fagleg tilsette ofte skriv raske overflatiske vurderingar i all hast, ho meiner ordninga er grunnleggande konservativ ettersom fagfellane ofte tvinger forfattarar til å halde seg inne med den etablerte forskinga på feltet, og ho er redd for at ordninga – som slik ho ser det, forsterkar eksisterande hierarki – kan gjere redaksjonar makteslause i arbeidet med å fremme fagleg innovasjon. Mieke Bal har fleire gode poeng, og vi tek med oss åtvaringane mot regelryttari og oppmodingane til å jobbe med kvalitetsstimulering på dynamiske måtar som ikkje undergrev redaksjonen sin autonomi.
国家哲学社会科学文献中心版权所有