出版社:Scandinavian University Press/Universitetsforlaget
摘要:Med perspektiv frå pragmatisk sosiologi undersøkjer artikkelen kva verdiar som har legitimert utbygginga av småkraftverk i Noreg etter år 2000. Situasjonar der styremaktene i det offentlege ordskiftet må grunngje standpunkt og satsingar, vert undersøkt. Studien finn at styremaktene på kort tid har mobilisert ulike grunngjevingar i spennet frå lokale til globale omsyn for å grunngje småkraft-satsinga. Som politisk saksfelt er småkraftfeltet kjenneteikna av stadige kompromiss mellom ulike verdiordenar. I ein tidleg fase var verdiskaping i distrikta (kollektiv verdiorden) og auke i fornyeleg energi (industriell og grøn verdiorden) dominerande. I ein seinare fase var monetære verdiar (marknadens verdiorden) meir framståande.