摘要:Kva for kvalitetar er viktige i arbeidsretta bistand til sårbar ungdom slik dei sjølv og arbeidsgivarar opplever det? Intervju med 22 ungdommar og 12 arbeidsgivarar viser at positiv orientering, skryt, humor, empati, praktisk bistand, fleksibilitet og skreddarsaum kan vera sentralt. Særleg viktig er etablering av «vanlege» relasjonar så som foreldre-, venne- eller omsorgsrelasjonar. Det kan tidvis vera behov for at hjelpar aktivt dreg prosessen. Bistanden kan like mykje handle om å bygge sjølvtillit som arbeidskompetanse. Kunnskap om å møte sårbarhet og korleis fremje verdsettande roller på arbeidsplassar i ordinære arbeidsmiljø framstår som vesentleg. Både ungdom og arbeidsgivar kan trenge bistand.