摘要:Pseudokoordinasjon med drive som førsteverb, drive og V, er ein særnorsk ut-trykksmåte for kursivt aspekt. Artikkelen tek utgangspunkt i ein eksisterande hypotese om opphavet til konstruksjonen. I ei diakron undersøking blir slik pseudokoordinasjon og beslekta konstruksjonar med drive samanlikna for norsk frå tida 1916–30 og moderne bokmål. Opphavet er uttrykk av typen drive på med å V, som ofte uttrykte kontinuativt aspekt: ‘fortsette med å V’. Parallelt med at kursivt aspekt har blitt dominerande, har vegen fram til drive og V om-fatta bortfall av med og på og ein reanalyse av konstruksjon med infinitiv til konstruksjon med koordinasjon. Artikkelen drøftar utviklingane i lys av gram-matikaliseringsteori og viser korleis kvart strukturelt steg er semantisk motivert.