摘要:Sjø er ein pragmatisk partikkel som har sitt primære bruksområde i trønderske dialektar. Med utgangspunkt i spontantaledata frå Nordisk dialektkorpus analyserer vi bruken av sjø både geografisk, semantisk og pragmatisk. Ved hjelp av det relevansteoretiske rammeverket forklarer vi korleis semantikken til sjø kan gi opphav til ulike kommunikative effektar i ulike kontekstar, og korleis desse ulike tolkingane kan henge saman. Ytringar med sjø kan bl.a. vere forklarande eller stadfestande, og ansiktsbevarande eller ansiktstrugande, men dei vil i alle tilfelle støtte opp om eit saksforhold som er kontekstuelt tilgjengeleg, enten eksplisitt eller implisitt.