摘要:Dette nummeret er særs innhaldsrikt. Fyrst vil eg fortelje at Norsk Lingvistisk Tidsskrift no har innført ei nyvinning: tætter (brukt i norsk sidan norrøn tid). Dette er småstykke som er vitskaplege, men som har eit smalare fokus enn større artiklar. Dei motsvarar på mange måtar det som i engelskspråklege tids-skrift ofte vert kalla squib. Ordet squib har fleire originaltydingar, og ei av dei er ’smedevise’. Dette er òg ei av tydingane til tått, slik det t.d. kjem fram i ei færøysk-dansk ordbok. Men ein tått kan òg vere ei kort historie eller artikkel, og det er sjølvsagt slike tætter vi kjem til å finne i NLT. Vi har to tætter denne gongen, og dei handlar om det same temaet: verb på tredje plassen i setninga. Marit Julien skreiv den fyrste, som vart lesen av Björn Lundquist, som så vart inspirert til å skrive sin eigen.