首页    期刊浏览 2025年05月03日 星期六
登录注册

文章基本信息

  • 标题:Frå redaktøren
  • 本地全文:下载
  • 作者:Janne Bondi Johannessen
  • 期刊名称:Norsk Lingvistisk Tidsskrift
  • 印刷版ISSN:0800-3076
  • 电子版ISSN:2387-6719
  • 出版年度:2016
  • 卷号:34
  • 期号:2
  • 页码:129-131
  • 出版社:Novus forlag
  • 摘要:Ei viktig sak for meg som redaktør er at artiklane skal vere skrivne på norsk. Det er mange utanlandske lingvistar som har spurt meg om kvifor eg har dette synet. Då svarar eg at som lingvist likar eg språkmangfald. Dersom ikkje vi sjølve skjøner at slikt mangfald krev levande bruk av eit språk, kven skal då skjøne det? Ut frå det eg har skrive ovanfor, må somme av dykk undre seg over kvifor så mange av artiklane i denne utgåva likevel er på engelsk. Når det gjeld bokomtalane, er det slik at dei som er på engelsk, er skrivne av utlendingar utanfor Noreg. Bokmeldingar er så viktige at eg set pris på at fagfolk vel å skrive dei for oss. I det norske teljekantsystemet tel ikkje bokmeldingar like mykje som andre fagartiklar og norske fagfolk må difor gjere dette arbeidet av di dei veit kor viktig det er, noko ikkje alle vel å gjere. Difor er eg glad når lingvistar frå utlandet kjem i tillegg til dei norske, og slik er med og aukar det totale talet på bokmeldingar. Fagartiklane er skrivne av ein utlending, ein som har skrive ein kommentar om eitt særskilt verk, medan ein er på norsk. I framtida vonar eg at vi får fleire artiklar på norsk (eventuelt svensk eller dansk).
国家哲学社会科学文献中心版权所有