摘要:Norsk referansegrammatikk reknar norske presens partisipp som adjektiv. Men ein slik analyse er problematisk i mange tilfelle, t.d. ved at visse presens partisipp tek predikativ, noko adjektiv aldri gjer. Det er nødvendig å skilje mellom presens partisipp-former som er adjektiv avleidde av verb (adjektiviske presens partisipp), og slike som er infinitte bøyingsformer av verb (verbale presens partisipp). Dei viktigaste skilnadane mellom typane viser seg i oppbygginga av partisippfrasane (den indre syntaksen til partisippa), men det er òg klare forskjellar med omsyn til kva funksjonar partisippfrasane kan ha (den ytre syntaksen til partisippa).