摘要:Med dette nummeret startar NLT på sitt 31. år! For å markere at tidsskriftet har eksistert i 30 gode år har vi fått Ernst Håkon Jahr, som er grunnleggjaren av NLT og den første redaktøren, til å skrive nokre ord om dei første åra til tidsskriftet. Det er viktig å kjenne historia, og det er også ein kunnskap som gir inspirasjon til ny innsats i framtida. NLT er enno berre ein ungdom. Sjølve eksistensgrunnlaget for eit vitskapleg tidsskrift er at forskarane vil publisere. Vi vil derfor oppmode alle språkvitarar til å bruke NLT og sende inn manuskript, så vil manuskripta bli fagfellevurderte, og dei beste vil bli publiserte. På denne måten kan NLT halde fram med å vere eit sentralt samlingspunkt for fagfeltet i mange år framover.