摘要:Dette festskriftet ærar professor Svein Lie i samband med at han blei 70 år og pensjonist. I ein mannsalder har Lie vore ein aktiv forskar, spesielt innanfor nordisk grammatikk. Bøkene ââ¬ÅInnføring i norsk syntaksââ¬Â og ââ¬ÅNorsk referansegrammatikkââ¬Â er nok dei viktigaste verka som blir ståande, og dei har prega og vil prege mange studentar og forskarar i åra som kjem, inkludert underteikna. ââ¬âââ¬âââ¬âDette festskriftet inneheld ei rad med gode bidrag som alle er relatert til område som Lie har vore interessert i. Redaktørnamna gjer at ein tenkjer på storverket ââ¬ÅNorsk referansegrammatikkââ¬Â, sidan begge samarbeidspartnarane til Lie er med som redaktørar. Resultatet har blitt ei omfangsrik bok på nesten 350 sider. Boka består av eit forord, tabula gratulatoria, og 19 faglege bidrag. I tillegg har redaktørane til slutt inkludert ââ¬ÅSvein Lies publikasjoner i utvalgââ¬Â. Boka inneheld få redigeringsfeil â den mest graverande er truleg feil linjeskift på side 8 i forordet. Det er i det heile eit solid verk med mykje interessant for alle som er interessert i grammatikk. ââ¬âââ¬âââ¬âI denne meldinga vil eg i hovudsak gi ei kort oppsummering av kvart kapittel. Til slutt kjem det ei kort oppsummering.