摘要:Målet med artikkelen er å vise korleis nyutdanna profesjonsutøvarar sine eigne innspel kan bidra til kvalitet og profesjonstilhøyrigheit i rettleiingsarbeidet. Kronotopar er uttrykk for meiningsinnhaldet i dei sakene nyutdanna profesjonsutøvarar sjølve meiner dei treng rettleiing på, og dei sikrar inkludering av dei nyutdanna sine eigne perspektiv i rettleiingsprosessane. Tilnærminga er basert på kartlegging av kronotopar i barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar sine skriftlege tekstar. Kronotopane er kartlagde gjennom ein studie av 12 tekstar. Sentrifugalkronotopen, sentripetalkronotopen og ein kronotop med konkurrerande stemmer framstår som dei sentrale kronotopane i pre-tekstane.
关键词:kronotopar; pre-tekst; Bakhtin; rettleiing av nyutdanna profesjonsutøvarar