首页    期刊浏览 2024年11月26日 星期二
登录注册

文章基本信息

  • 标题:Joina du kino imårgå? Ungdommars dialektskriving på sosiale medium
  • 本地全文:下载
  • 作者:Unn Røyneland ; Øystein A. Vangsnes
  • 期刊名称:Oslo Studies in Language
  • 印刷版ISSN:1890-9639
  • 出版年度:2020
  • 卷号:11
  • 期号:2
  • 页码:357-392
  • DOI:10.5617/osla.8508
  • 出版社:University of Oslo
  • 摘要:Sosiale medium utfordrar det tradisjonelle skiljet mellom normert og standardisert skriftspråk og inviterer til kreativ og refleksiv språkbruk. For mange norske ungdommar er det vanleg å ta i bruk trekk frå eit breitt språkleg repertoar – inkludert dialekttrekk og andre unormerte trekk – i private samanhengar på sosiale medium. I denne artikkelen presenterer vi data frå fire utvalde stader i ei større landsdekkande undersøking av multi-lektale praksisar på sosiale medium blant ungdommar på vidaregåande skule. Dei utvalde stadene ligg i Lofoten, på Nordmøre og Sunnmøre og i Nord-Gud¬brandsdalen. På grunnlag av korte tekstar skrivne i ulike tenkte situasjonar med ulike førestilte publikum ser vi at ungdommane jamt over skriv svært forskjellig i til dømes ei melding til ein ven samanlikna med ei melding til læraren. I den første ytringssituasjonen er det typisk eit høgt innslag av dialektale trekk og andre brot mot skriftspråksnormene, medan det i den andre er langt meir vanleg å bruke standard skriftspråk. Val av plattform for dei ulike ytringssituasjonane ser også ut til å påverke valet av skriftleg kode: Meldingar til lærar på SMS eller Snapchat inneheld gjerne fleire brot på standardspråklege normer enn slike meldingar sende gjennom skulens offisielle læringsplattform. For kvart område vurderer vi også dialektskrivinga opp mot kjende trekk ved den lokale og regionale dialekten. Vi ser at ikkje alle talemålstrekk får eit skriftlig uttrykk, noko som i visse tilfelle nok speglar talemålsutviklinga i området. I vår tolking har ungdommane ei særs fleksibel tilnærming til val av skriftlege kodar og evnar å tilpasse seg ulike situasjonar og ulike språkmarknader.
  • 其他摘要:This study investigates the use of written dialect among adolescents from four different locations in Norway, each representing one of the main dialect areas of the country (north, central, west, and east). The data are drawn from the larger study Multilectal Practices in Social Media where a total of 1532 students from 42 different upper secondary schools in all regions of Norway have completed an online questionnaire about their language competence, use and attitudes and where they have also provided short text samples of how they would have written in four imagined situations: (i) a cinema invitation to a friend, (ii) a social media post about the family’s new pet, (iii) a message to the teacher informing him/her about absence due to illness, and (iv) a bio in a discussion forum. In our data we see that the cinema invitations contain a high degree of local/regional dialect features as well as other deviations from standard orthographical conventions whereas the messages to the teacher by and large are written in one of the two Norwegian written standards. Choice of platform also seems to influence the choice of features: messages to the teacher by SMS or Snapchat typically contain more dialect and other deviations from standard orthography than messages sent through the official learning management system of the school. For each of the four locations we evaluate the dialect writing against known features of the local/regional dialect, and we see that not all dialect features make their way into the students’ dialect writing, a fact which we take to reflect changes in progress. In conclusion, we see that the students are very flexible and adaptive in their choice of features and codes in different situations and for different purposes.
国家哲学社会科学文献中心版权所有