摘要:Artikkelen gir eit empirisk basert oversyn over og diskusjon av utvalde typar adjektivkongruens i attributiv og predikativ posisjon i norsk. Vi fokuserer særleg på to empiriske forhold som peikar seg ut som slåande: 1) Ved semantisk kongruens i predikativ posisjon er det tilsynelatande ingen formelle kongruenstrekk i predikasjonssubjektet som utløyser kongruens på det predikative adjektivet; 2) Sjølv om det ikkje alltid er formelt samsvar mellom predikasjonssubjekt og predikativt adjektiv, er det utan unntak formelt samsvar mellom substantiv og adjektiv når adjektivet står i attributiv stilling.
其他摘要:This article provides an empirically based overview and discussion of types of adjectival agreement in attributive and predicative posisitions in Norwegian. In particular, we focus on two empirical facts that are quite striking: 1) With semantic agreement in predicative position, there are apparently no formal agreement features in the predication subject that trigger agreement on the predicative adjective; 2) Even though there is not alway formal agreement betwen the predication subject and a predicative adjective, there is always strict formal agreement between the head noun and an attributive adjective.