摘要:Ein NPN-konstruksjon består av eit teljeleg substantiv i ubestemt eintal følgt av ein preposisjon følgd av det same substantivet i ubestemt eintal, som ansikt til ansikt og time etter time. Stundom har konstruksjonen modifiserande tillegg, som i kasse på kasse med flasker og vegg i vegg med badet. NPN-konstruksjonar har vore diskuterte ein del i seinare år, framfor alt basert på engelsk materiale, men knapt noko om norsk. Artikkelen går først inn på nokre moment frå tidlegare forsking og den analysen som blir lagd til grunn. Basert på eit stort materiale frå Leksikografisk bokmålskorpus blir det så undersøkt kva modifiserande (i hovudsak adverbiale) og nominale syntaktiske funksjonar NPN-konstruksjonar har i norsk. Vidare blir produktiviteten til konstruksjonar med ulike preposisjonar undersøkt. Fokuset ligg på uttrykk med dei åtte preposisjonane etter, for, i, mot, om, på, til og ved. Nokre av preposisjonane førekjem nesten berre i adverbial, men andre er vanlege i nominale funksjonar òg. NPN-konstruksjonar med etter, på, for og til dels mot viser høg produktivitet, mens dei andre er lite produktive.
其他摘要:NPN constructions are made up of an indefinite singular count noun followed by a preposition followed by the same noun (e.g. eye to eye and day after day), sometimes followed by a modifier (e.g. crate upon crate of bottles, face to face with the enemy). There are a few studies of such constructions, notably of English, but hardly any of corresponding Norwegian constructions. The article first accounts for some theoretical aspects of the syntax and semantics of NPN constructions. This is followed by an empirical study based on a large data set retrieved from the Lexicographic Corpus of Norwegian Bokmål. Modifying (mostly adverbial) and nominal syntactic functions of NPN constructions are mapped and documented. Further, the productivity of NPNs with eight different prepositions is studied: etter ‘after’, for ‘by’ (lit. ‘for’), i ‘in’, mot ‘against’, om ‘by’ (lit. ‘about’), på ‘(up)on’, til ‘to’, ved ‘by, next to’. Some prepositions are mostly found in modifying NPNs, while others are also common in nominal functions. NPNs with different prepositions vary greatly with respect to productivity. Constructions with etter, på, for, and mot are the most productive, while those with ved and especially om, til, and i exhibit low degrees of productivity.